ØRRET I SKJORTE
"Ørret i skjorte"
- eit musikalsk møte med Gertrude Stein og Alice B. Toklas
- eit musikalsk møte med Gertrude Stein og Alice B. Toklas
" />
"Ørret i skjorte"
- eit musikalsk møte med Gertrude Stein og Alice B. Toklas
Vi kallar dei berre damene. Gertrude Stein og Alice B. Toklas var to spennande damer som levde i Paris tidleg på 1900-talet. Gertrude var forfattar og kunstkjennar, Alice var sekretær, agent, hushalderske – og kjæraste.
Dei to og salongen deira var i fleire tiår sentrum for det blomstrande kunstlivet i Paris. Dei to kjente mange, reiste mykje, var meir enn vanleg opptatt av mat, men først og fremst var dei opptatt av at Gertrude skulle få gitt ut dei nyskapande bøkene sine. For sjølv om samtida ikkje alltid klarte å følgje dei, så var dei to damene heilt sikre på dette: at Gertrude Stein var eit geni.
Komponist Rune Klakegg og forfattar Brit Bildøen meiner at desse damene er verdt ein song. Cecilie Schilling og Nina Gromstad vil synge den. Vi har jobba med dette prosjektet i mange år, og planen er at det skal bli ein kabaret, eit musikkteater eller ein opera.
Men no er songane ferdig, og den aller første visninga av «Ørret i skjorte» vil bli ein teaterkonsert med noen rekvisittar – og dramatisk “coaching” av Lars Vik.
Brit Bildøen vil halde ein liten introduksjon til konserten.
Medverkande:
Cecilie Schilling (song)
Nina Gromstad (song)
Rune Klakegg (piano, trekkspel)
Guttorm Guttormsen (klarinett, sax, fløyte)
Henriette Lindstad Petersen (fiolin)
Helene Waage (cello)